Ei dagbok for mitt hjarte
– Det gjorde vedvarande vindt i brystet. Verkinga ville ikkje gi seg. Eg prøvde å liggje, stå opp og gå. Eg sat med hendene i hovudet og rugga fram og attende. Ingen ting hjelpte. Det verkte, verkte og verkte. Det var natt, og mannen min sov, og det kjendest ikkje riktig å vekkje han.
Morgonen etter vart det hasteinnleggelse på Ullevål universitetssykehus, utblokking og seinare bypassoperasjon og rekonvalesens.
– To månader seinare hadde eg saman med mannen mingått sakte men sikkert lenger og lenger opp mot Brynsåsen, litt lengre for kvar dag. Det kjenest som litt av ein siger då eg endeleg stod på toppen, og kunne sjå vegen vidare innover. Det tok ein månad å nå toppen, men det var verd det. Formen var betre, pusten var betre, og vi hadde halde ut og nådd første delmål!
-Eg trudde eg visste det meste om opptrening og mat, men på hjarteskulen til LHL på Gardemoen fekk eg nyttig informasjon og praktiske instruksjonar for vegen vidare.
– Kva har eg lært av denne vandringa mi? Kva er memento for hjartet mitt?
Det handlar om livsstil, aktivitet, mat og psykisk helse
Ver meir i fysisk aktivitet. Vel noko du trivst med, og hald deg til det. Du kan symje, sykle, danse, gå, gå på ski eller turne. Gjer noko du likar.
Sjølv synest det er greitt med 3000 skritt eller 30 minuttar som eit minimum, og være beinhard med seg sjølv at eg gjennomfører det kvar dag. Eg las nettopp at ein forskar på NTNU meinte det var viktig å bruke intervall når ein var ute og gjekk. Gå 3 periodar med litt større hastigheit, og på den måten få opp blodomløpet og hjartefrekvensen, slik at hjartet kunne få litt arbeid. Så no har eg prøvd å bruke det, dei gangane eg ikkje går motbakke. For då aukar jo pulsen automatisk.
Eg vonar det vil føre til eit godt forlenga liv.